Grunn til at jenter ikkje er like styrka som gutter i CHRISC i de fleste distrikta kan f eks vere:
- gutt ca 18 år: girls often get oppressed because we boys love them too much. It is actually true. Jes, men da er det sagt:P svaret på likestillingsspørsmålet!
Ellers var gårsdagen ein svært happy day for meg. stoooor pakke venta meg på postkontoret. pakke sendt i slutten av november trur eg, og utrolig nok, trudde håpet var ute, dukka han opp nå i februar:) og gleden var stor: twist, tom og jerry, t-skjorte med den skjønneste fetteren på + + andre ting som var pakka inn i JULEPAPIR, ein glede i seg sjøl. På vegen heim med den gigapakka, sklei sandalene mine frå kverandre og eg måtte gå siste vegen uten. trippende barføtt i Kampala i kjole og svær pakke under armen pluss hår som hadde gitt meg stempelet mulalu(ehm..ikkje heilt god i toppen)dersom eg hadde vore ugander utgjorde tydeligvis dagens vits for fleire av dei eg møtte på min veg. og faktisk fleire tok seg bryet å spørre kva som var galt, evt you are lost, før også dei måtte trekke på smilebåndet og gi meg ein highfive. ehe..eg tok han ikkje.. prøvde å le litt med men skjønner endå ikkje heilt humoren. greit nok: kvite, som visstnok utstråler rikdom går vanlivis ikkje barføtt i storbyen. men herlighet, alle ødelegger skoa sine ein gang i blant tenker nå eg.
imorgo har amnesty international demonstrasjon for kenya fleire plasser rundt om i verda, eit sted er Kampala. det blir interessant å se kordan den går. folk burde sjekke ut amnesty sine sider er mi oppfordring.
Her litt bilder fra litt av kvert den siste måneden:
Peter og Irene. herlige.
besøk på ein døveskole. gleden ved å se seg sjøl på ein liten skjerm:)
og ja. naboungene henger hos oss fortsatt.
"Margrethe, I can see you!"
og detta er bare rett og slett eit vanlig bilde, tatt ein vanlig dag i ei vanlig gate. fargerikt!
sånn ellers da er himmelen fortsatt blå og eg ber om fred på jord og vafler med kardemomme i til kvelds!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar